Påmelding til 100 Dagar er i gong:
100 Dagar - Bransjetreff og festival
Av Sofie, praktikant i Brak
|Har du lyst å vise deg fram og spele for festivalar og arrangørar frå vestlandet? Nå kan du melde deg på og være med på den 17. utgåva av 100 Dagar på Bakeriet Frugård på Stord.
100 Dagar 7.-8. mars 2025
100 Dagar er eit musikkbransjetreff oppretta av uavhengige festivalar på Vestlandet. 100 Dagar skal bidra til å utvikle unge lokale artistar. Band og artistar vert plukka ut av ein jury for stiftinga 100 Dagar. Deltakarar frå vestlandet blir prioritert.
100 Dagar legg vekt på ambisjonar til bandet, potensiale, live-appell og musikalske kvalitetar når me velger program til 100 Dagar. Me prioriterer uetablerte artistar under 30 år.
For dei som blir satsa på kvart år legg me til rette for å gi dei best mogleg sjanse til å oppnå kontakt med festivalar og tilrettelegge for dei slik at dei kan gjera ein god sceneopptreden.
-
- Seminar for festivalbransjen
- Festivalar møter band og artistar
- Den beste nye musikken frå vestlandet
- Nettverkssamling for festivalar